Om oss

ANCE AS vart stifta 1. desember 2019 og er lokalisert i Gloppen kommune i Nordfjord. Vi tilbyr økonomi- og rådgjevingstenester, med spesialkompetanse på små og mellomstore bedrifter, inkludert landbruk. Vi har statsautorisasjon som rekneskapsførarar, brei bransjekunnskap og lang erfaring.
Anne Olaug Gimmestad
Statsautorisert rekneskapsførar/ Dagleg leiar
Cecilie Sæten
Statsautorisert rekneskapsførar
Elise Støyva Sårheim
Statsautorisert rekneskapførar/ Fagansvarleg landbruk
Ludmila Nyvoll
Statsautorisert rekneskapsførar

Våre mål er:

  • Engasjement: vi skal bygge tillit og gjere oss fortent til kunden sin lojalitet ved å vere tett på, proaktive, og ha fokus på god dialog.
  • Kvalitet: gjennom å vere ein engasjert sparringspartner for kunden, tileignar vi oss god kunnskap om kunden si bedrift og kan levere kvalitetssikra tenester.
  • Resultat: engasjement og kvalitet løner seg. For oss; i form av arbeidsglede og kundelojalitet. For kunden; i form av å få levert eit verdifullt styringsverktøy som gjev eit solid grunnlag for å dra dei rette slutningane og sikre god drift.