Våre tenester
-
Rekneskap
Vi utfører rekneskapstenester for alt frå små enkeltpersonføretak, stiftingar, lag og foreiningar til små og mellomstore aksjeselskap. Vi kan ta ansvar for heile eller delar av rekneskapsfunksjonen – saman finn vi den løysinga som passar best for deg. Vi har brei bransjekunnskap innan landbruk, bygg og anlegg, detaljhandel, helseteneste, barnehage, frisørsalong, konsulent, kraftverk, investering og eigedomsselskap og mange andre typar verksemder. Vi kan også tilby innleige av personal ute hos kunde for korte eller lengre periodar, til dømes ved sjukmeldingar eller permisjonar hos fast personale.
- Lønn
Lønnsfeltet er eit stort og komplekst område som stadig er under endring. Dette fører til at lønnsområdet kanskje er eit av dei viktigaste felta for dei aller fleste bedrifter. Vi kan hjelpe deg med rett lønn til rett tid. Skattemyndigheitene krev også presis rapportering av lønn, skatt og andre ytingar. Vi har lang erfaring og god kunnskap til å hjelpe deg med dette.
- Personal/HR
Vi bistår med rådgjevingstenester innan personalområdet, heilt frå oppstart til avslutning av eit arbeidsforhold. Bruk oss som støtte og sparringpartner rundt t.d. tilsetjingskontrakter, personalhandbok, permittering, advarsel, drøftingsprotokoll og oppseiingsbrev.
-
Fakturering
Fakturering er gjerne ein liten del av rekneskapet, men ein særs viktig del. Du kan sende fakturaer sjølv eller overlate jobben til oss. Vi har enkle og effektive løysingar som passar for deg. Vi kan også bistå med oppfølging av uteståande krav som purringar og inkassovarsel, samt kontakt med inkassobyrå.
-
Årsoppgjer
I forbindelse med årsavslutning må ein foreta ein del vurderingar og pliktige rapporteringar. For aksjeselskap må det utarbeidast og sendast inn offisielt årsrekneskap med notar. I tillegg til dette skal både aksjeselskap og andre næringsdrivande utarbeide og levere skattemelding. Dette dannar grunnlaget for den skatten som selskapet skal betale, eller den skatten som personen i enkeltpersonføretaket må betale. Vi utfører dette arbeidet i nært samarbeid med kunden. Om AS’et ditt er revisjonspliktig, så kan vi kan bidra med heile, eller delar av prosessen dersom du ønsker ei arbeidsfordeling mellom oss og revisor.
Rådgjeving
Vi kan hjelpe til med stifting og avvikling av selskap, kapitalutviding og -nedsetjing, styre- og generalforsamlingsprotokollar, økonomistyring (analyser og rapportar), budsjett etc. Ta kontakt for å finne ut kva vi kan hjelpe deg med.